- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
30

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

30

heldt berre luva for augo ei stund og so sprang
døri upp av seg sjøl; det stod inkje lås for han.

ÅGOT TRINTRUD I DØLDE

Ågot Trintrud i Votndalen gjætte ein gong i
Dølde, sunnafor Lauvdalen, og rett som det var
fekk ho høyre slikt eit vént felespel, at det var
reint tå lagje. Ho vilde både læ og gråte på ein
gong og kunde vant stå still. Ho stod og gjekk og
sprang og stod atter og like klårt og tydeleg høyrde
ho dette herlege felespelet. Ho hadde aldri høyrt
so vén musikk og fekk aldri seinare høyre so herleg
ein slått. Ei onnor gong såg ho tri véne gjentor
med kvite ermar og kvite hovudplagg der i Dølde.
Dei gjekk i krok og sving fyre henne. Stundom
var dei heiltupp hulde for henne, men jamt fekk
ho sjå dei atter berre nokon få steg fram for seg.

DEI VILJA IKKJE HA DIKKA

På ein støl låg det ein morgon tri framand-uksar

i lag med buskapen ute på stølsvollen. Det var
store, gilde dyr, men stølsfolki kjendes ikkje ved
dei og jaga dei burt. Morgonen etter låg dei
saman med buskapen atter, og vart jaga burt på
nytt lag, fordi ein trudde dei høyrde heime på ein
annan støl. Men den trea morgonen kom dei att,
og gav seg i lag att med bølingen. Ogso denne venda
jaga stølskjæringi og gjætsleguten stutane burt.
Då kom det ut ei gamal kjæring or haugen austan
for stølsvollen og kalla på stutadn: <«Oliussen,
Kjinfussen, Olibrand,

kom atte te me"!

Dei vilja ikkje ha dikka,

Dei ska” ikkje få dikka.

Kom atte te me!»

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0034.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free