- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
31

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

31

Det var haugafolket som ha vilja gjeva kjæ-
ringi dei tri gilde, brandute uksane. Men dette
skyna ho inkje, før det var for seint.

Mest same leis gjekk det ei kone frå Slettemoen
i Hol. Tvo morgonar på rad kom det ei stor, gild
brandut kyr til buskapen hennar, men kona jaga
kyri, og andre morgonen kom det ei kjering ut or
haugen burtanfor stølen og kalla: «Kom atte te me,
dei vilja ikkje ha de!»

PRESTEN OG KORTSTOKKEN

I Älsgjeld var det ein gong ein gamal prest som
låg under for drykk og kortspel.

Ein sundags morgon sat han ved kortbordet
inntil det var ringt trea venda og ålmugen var gått
inn i kyrkja. Då kom det bod frå klokkaren at
tenesta måtte taka til. Presten för upp, heiv på
seg presteklædi og bus i kyrkja. I annsemdi stakk
han kortstokken i lumma på prestekjolen, der han
ogso hadde lummeduken.

På preikestolen tala han denne gongen um Israels
born i Egypt. Eit stykke ut i preika fekk presten
bruk for lummeduken. Men kortstokken fylgde
med og kortbladi fauk ned over kykjeålmugen som
sat nærast preikestolen. Då sa presten: «Således
udbredte Herren Israels børn over Æpgypten». Den-
ne preika vart halde i den katolske tidi.

HR. OLE OG BJØRN LEKSVOL

I gamle dagar nytta hallingdølene eit våpen som
kallast heltydno — eit slags hellebard, til verje.
På heltydno var det eit langt skaft, lengre enn

mannshøgde, når ein sette øksi i jordbakken. Bøn-
dane brukte støtt eit slikt våpen som stav, og kvar
vaksen mannsperson møtte fram med si heltydne

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0035.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free