- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
34

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

34

tydno. Og dermed gjekk hr. Ole heim til preste-
garden. Bjørn og heile ålmugen gjekk ogso heim,
kvar til seg. å

Kona til Bjørn Leksvol heitte Astrid. Ho var og
av eit stridbart folkeferd og eggja upp Bjørn når
ho tykte han ikkje för hardt nok fram. Astrid vart
harm då ho spurde at hr. Ole hadde teke heltydno
frå Bjørn og let mannen sin høyre mykje ilt for
dette um kvelden. Um natti var alt stillt, og um
morgonen att vart dei samde um å sende bod etter
presten. Astrid henta eit stort krus med øl og

skjenkte Bjørn, og han drakk til han vart halv-

veges sjuk av dette. Astrid hadde sjøl bryggja ølet
og det var reint umframt til øl dette, det skulde
ruse og gi Bjørn både mot og styrkje. Medan Bjørn
drakk, var Astrid ute og fann fram og slipte den
lengste og beste tolekniven Bjørn åtte. Då Astrid
kom inn med kniven, såg Bjørn på denne og sa det
var nokon rustflekkjer att på kniven, og spurde
kvifor ho ikkje hadde slipt burt desse. «Ja, det
sit att noko av blodet til han mannen du drap burt
på Stave, men det vil berre eggje deg å sjå gamalt
blod på kniven. Det skal bli gledeleg å sjå denne
sitja i bringa på presten», sa ho då ho la kniven
frå seg. Bjørn tumla seg no kraftigt over øvre-
armane og så:

«Eg har då sterke senar, Astrid. Det er jødn
1 del».

Det vart sendt bod etter presten, og han kom
trast.

Bjørn sat då uppe i høgsetet. «God dag og Guds
fred», helsa presten og gjekk burt til Bjørn og
vilde handhelse på han.

«God dag», svara Bjørn, reiste seg i høgsætet og

vilde køyre kniven i bringa på presten. Presten

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0038.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free