- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
35

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

85

gjekk med ein traust stav, og med denne slo han
til Bjørn over armen so kniven dansa or neven på
han og fram på golvet. Dermed gjekk hr. Ole.

Astrid var rasande og Bjørn var både vreid og
stur.

Astrid og Bjørn hadde ein son, heitte Einar. Han
var stor og sterk, men med eit mildare huglag enn
foreldri. Honom eggja dei idugt til å hemne faren
sitt nederlag. Serleg var det mori som masa med
han heile dagen, at han skulde gå til Ner-Äl og
drepa presten. Guten var trauig, men til sist fekk
foreldra blåse slik sinne upp i han, at um kvelden
gjekk han til prestegarden og skulde øve si hemn-
dåd.

Han banka på hjå presten og kom med ladd børse
inn på kammerset med" hr. Ole sat ved bordet
og las i Bibelen. Då Einar hadde late att døri etter
seg, drog han børsa til kinnet, sikta på presten og
vilde skyte han. Men med det same för presten
upp, og gjekk fram over golvet mot Einar med
bibelen fram for seg, som eit skjold. «Einar, Einar,
du maktar inkje å sende døden mot brystet mitt»,
sa presten.

Presten hadde ikkje før sagt dette, før børsa dala
ned for Einar og skotet gjekk i golvet.

Presten bad Finar setja seg. Einar gjorde so,
og dei talast ved til langt på natt. Presten gav
Einar bibelen sin og Finar trega svert på, slik han
hadde bore seg åt, og var som eit anna menneskje
då han gjekk, enn som då han kom.

Harme og skam, ufred i heimen og redsle for
koss det gjekk Einar um dagen, tok so hardt på
Bjørn Leksvol at han vart sjuk og sjukdomen gjekk
lynsnart over til helsott.

Då Einar, kvek og gladverug, kom heim frå
prestegarden ut på natti, var faren allereide død,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0039.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free