- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
38

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

38

kom fram til Äl-kyrkja. Men då sokneprest Grøt-
ting ikkje kom, skyna han endeleg at det var nok
presten som hadde rett dagtal og inkje han. So
gjekk han heim, og heldt helg dagen etter, han som
andre kristne folk.

PRESTEN SOM SKULDE TELJA DAGANE

I Älsgjeld var det i gamle dagar ein prest som
aldri kunde hugse kva dag det var i veka.

Han var enkemann og hadde ingen born, so det
var ingen i huset som kunde rettleide han. Og
tenarane hadde berre moro av å få han tå dagtalet.

Men so mykje visste han, at det var seks yrkjes-
dagar i veka, og sundag den sjuande, og um sun-
dagen skulde han preike. Han fann so på at han
skulde laga ein sopelime for kvar dag i veka, og
det gjorde han. Når han so hadde gjort sin sette
sopelime, vilde han preike dagen etter, som var
sundag.

Men sundag morgon, då klokkaren kom åt preste-
garden sat presten midt på golvet millom store
haugar av bjørkeris og heldt på med sin sette lime.
For budeia hadde ein dag — um det var for spas
eller i trengsmål skal vera usagt — teke ein sope-
lime hjå han denne veka, og då han laurdags kveld
talde etter, hadde han berre 5 limar. Difor gjorde
han ogso ein sopelime sundag, då klokkaren kom.

TOLLEIV SJÄHEIM

Tolleiv Sjåheim eller Tuv, i Hemsedal, køyrde
ein morgon til støls etter høy. Då han kom til
Øygarden nedenfor Lio bråstana hesten og Tolleiv
kunde kje få han eit steg lenger. No skal det hjelpe
i slike høve at ein går fram for hesten og stirer

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0042.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free