- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
39

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

39

imillom augo på’n. Tolleiv so gjorde, og um ei stund
sette hesten avgarde og var reint villstyren. Det
var nok eit eller anna skræmelegt som ikkje var
synlegt for vanlege menneskje, hesten hadde set,
trudde Tolleiv.

Kona hans Tolleiv fekk barn ein gong og sea var
det jamt so heidsleg uregt der i stugun. Natt og
dag var det noko på ferde. Tolleiv fekk so barnet
til kyrkja til kristnings, endå det var ikkje meir
enn 8 dagar gamalt.

Sea var det ikkje noko ståk eller bråk der i stu-
gun, og mor og barn unte framifrå. Mori hadde
elles vikla inn i barnelinden ein sylv-tvoskilling,
nåler og anna, som var svært vanleg i dei dagar.

GÅVOR TIL FESTARMØY

I gamle dagar gav haugafolket jamt ei kyr til
fatige festarmøyar som skulde gifte seg og ikkje
kunde vente seg ei kyr hjå foreldri sine. På Kyrkje-
bøen i Hemsedal var det ein gong ei fatig festar-
møy som fekk ei stor, glid brandsiut kyr hjå hau-
gafolket. Kyri hadde til-med ei mjølkeringe av bein
hangande på horni då ho kom til gards.

Dette var ei over lag god mjølkekyr, og mjølke-
ringja skal dei ta teke vare på i lange tider, på
garden der gjenta vart inn-på gift.

LENSMANN SØNDEROL

Lensmann og tingskrivar Sønderol budde på fed-
renegarden Sønderol i Hol. Når han vilde tala med
bøndane i Hol um eitt eller anna gjekk han berre
burt på bakken burtanfor garden og løyste tre
skot, so kom bøndane rundt Holsfjorden trast til
Sønderol.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0043.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free