- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
40

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

40

Lensmannen hadde ei dotter heitte Birgit. Før
ho vart vaksen måtte ho som andre born gjæte
buskapen på stølen, det hjelpte inkje at ho var
lensmannsdotter.

I beitesmarki kom det ein haugagut til henne.
Dei vart sers godt kjende og hugla kvarandre. Ho
fekk so fint bundingsgarn og mangt anna hjå han.
Dei hadde jamt motlag um kveldane på ein stad
som kallast Smaltangjelten.

Ja, so vart dei samde um å halde brudlaup og
Birgit skulde flytja inn i berget til festarmannan
sin. Då foreldri fekk veta dette, tok dei øjenta
trast heim frå stølen, so ho ikkje skulde få høve
til vera i lag med huldreguten ho hadde huglagt.
Men so sterk elsk hadde ho til huldreguten at far
hennar måtte hente presten Nimb frå Al upp til
Sønderol for å tala henne til rettes. Foreldri vilde
ho inkje høyre på.

I KRIGS- OG KRISETIDER

Då krigen med Sverike stod på, i fyrstningi av
det nittande århundradet var tilhøvi i Hallingdal
skrale. Umlag alle karfolk var ute i krigen, heime
var berre kvinnor og born og aldruge menner. Gra-
set vart ikkje slege, åkrane ikkje pløgde eller sådde.
Difor vart kornhausten der etter. Det lagdest ogso
til med frost og uår, og ei skjeppe korn var ikkje
å få for pengar.

Attåt alle vanskar og naud og elende kom saknet
av pålitande meldingar frå slagmarkine. Blad var
nær sagt ein ukjend ting på desse tider. Postverket
var ogso dårleg utbygt i det heile teke, og i krigs-
tider var det ikkje betre, men tvert um verre, so
truleg ikkje eit einaste brev nådde fram til Hal-
lingdal. Det har i alle fall vore fåfengt for meg å

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0044.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free