- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
41

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

41

få spurlag på noko slikt brev, og då kan det ikkje
ha vore mange av desse, for hallingdølene har ser-
merkt seg med den varsemd dei støtt har synt
med å gøyme på gamle papir som det knyter seg
eit eller anna minne til.

Men ville gysjor frå slagmarkine i aust var det
nok av, og dette skapte mykje redsle millom folket
i Hallingdal.

Folk trudde dei høyrde Dysterhornet hjalde ut
over Strandafjellet i Ål og mned-over dalen. —
Dysterhornet var eit horn usynlege makter tuta i
når fienden var ventande til dalen. Då Dysterhor-
net var høyrd, var ein viss um at svensken skulde
koma med plyndring og dråp til dalen. |

Madam Leigh — prestekona i Ål — flytja til
langstølen, Buhovd, då Dysterhornet var høyrd.
Mat, sengeklær, andre klædi med og elles verdfulle
ting av mange slag, tok prestefolket med seg og
gøymde dette i Buhovdholet — ei berghole i nær-
leiken av prestegardsstølen. Burt i dette berget
vilde prestekona flytja sjøl med, når svensken kom.

Endå det etter måten var få folk heime i byg-
dane, var kyrkjone fulle under gudstenestene. I
Ä] fall sokneprest Leigh og heile kyrkjelyden på
kne på kyrkjegolvet og bad stillt sitt Fadervår og
ei bøn for dei som var i krigen.

Det var snykting og gråt over heile kyrkja, for
alle hadde frendar i krigen.

«Det var ei rar tid, — det var andakt og Guds-
frykt den gong, for Vårherre straffa oss», sa ei
gamal kone i Øvre-Äl, som var barn denne gongen,
og som har fortalt meg noko av desse hende. «No
bed ikkje kyrkjefolket slik», sa ho. «A jau, dei bed
no med», skyt ei yngre kone inn. «Ja, dei fér nok
med det, og skjek på seg burt i ein krok, men det
er ikkje som den gongen, — det var ålvor i det

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0045.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free