- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
42

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

42

då», svara den gamle. — «Det var undarleg å sjå
gamle og unge — like til små born ligge på kyrkje-
golvet i gråt og bøn for den dei hadde kjær».

TUFTEKALLEN PÅ RØO.

På Røo i Kvislen var det før i tii ein nisse eller
tuftekall som helst heldt til i stallen eller i øvre
stugun på garden. Når han vart sinna kunde han
rumestere reint fælt. Fin gong hadde Røo-mannen
ein tømmermann heitte Klemens og nokon andre
arbeidsfolk. Um kvelden sa han til folki at han
hadde ikkje soverom annan stad enn i øvre stugun,
men der vart det vel ikkje fred å få for tuftekal-
len, so det var vel best dei gjekk heim kvar til seg.
Men både Klemens og dei andre sa, dei var ikkje
redde tuftekallen. Og so gjekk dei upp i stugu. Déi
høyrde det luska og tasla og gjekk på golvet der,
men dei såg ingen. Karane tok no til å nau-banne
og slå i bordet. Men då kom det liv i tuftekallen!
Mjølki i baline som stod i hyllone skvatt mest upp
i taket, slik rugga og skokst alt som i huset var.
Ein trudde tid for tid at heile huset skulde ramle
i hop. Ei stund etter vart det stillt og roleg, og
um morgonen stod mjølkebaline der heilt urørde,
som ingen ting hadde hendt.

Ei tid etter kom det ny mann på garden, og han
trudde ikkje på og brydde seg ikkje det minste
um tuftekallen.

Eit års tid etter brann fjøset på garden. Det var
tuftekallen som hemna seg. Då huset stod i rau
loge, såg dei tuftekallen i rau toppluve sitja til
Skrevs over møningsåsen, midt inne i logen, og
grena og lo so det var reint tå lagje. Sea har ingen
set tuftekallen på Røo.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0046.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free