- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
45

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

45

Døttrane til To-kjempa skulde gi Godkniv og
Ståle fisk i venskapspant. Tryggleiken var veik på
båe sidor, før pantet var gjeve. Godkniv og Ståle
vilde ikkje stige over durstokken til bui og To-
kjempa låg uppå hjallen reiug med si heltydno. Dei
kasta då snusdåsane sine til kvarandre og skjenkte
kvarandre snus. Dette var som eit slags venskaps-
pant. Sea var det fred millom dei, men To-kjempa
vart aldri retteleg ven med Godkniv og Ståle.

Godkniv og Ståle hadde funne ei vill urd upp
under eit fjell millom Nes og Hedalen. Denne kal-
last og blir endå til i dag kalla Kviturdi. Der hadde
dei skattane sine gøymde. Dei skulde havt ei mengd
sylv, og ikkje so radt lite gull. Noko til års komne
vart dei hekta og førde til tings, og det vart halde
forhøyr på dei. Og mangt um brotsverki deira kom
for dagen. Dei gjekk ved at dei hadde tvo buskaps-
kjelar, den eine kvelvd over den andre, fulle av
sylve i Kviturdi og lova å fylgje med dit og syne
det fram. Men ingen våga seg til å vera med dei.

Dølene fortel, at på desse tider gjaldt lovine slik,
at når røvarar hadde drepe eit visst stort tal men-
neskje, og dei kunde føre prov for dette talet,
skulde dette reknast for ei slags heltedåd, og dei
skulde setjast på frifot.

Godkniv og Ståle hadde i lit til denne lovfyre-
segni teke hjarta ut or alle dei, dei hadde myrda,
og gøymt hjarto. Dei la alle desse hjarto fram på
tingbordet. Det synte seg elles at det var ikkje
mange nok hjarto, og båe vart difor dømde til å
hengjast.

Dei vart hengde på ein stad i Nesgjeld som endå
blir kalla Tjuvenatten.

Dei fleste i dalen har no gløymt denne soga, men
ein råkar nær sagt ingen som ikkje kjenner namni

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0049.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free