- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
46

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

46

Godkniv og Ståle og alle veit at dei var fæle kjem-
por, som vart hengde for ugjerningane sine.

Umagje — ungdom.

JUTULEN OG STEINEN

Ein jutul som budde i eit berg i Nesgjeld, var
sinna på ein hedøl. Han gjekk lenge å srunda på
ei fælsleg hemn. Han hadde større makt enn vet,
men fann endeleg ut kva han vilde. — Han gjekk
heilt upp i Bråtalifjellet, til Klevarudnatten, og tok
ein stein stor som eit hus — nemmare kunde han
ikkje finne ein stein som svara til hans styrkje
og sinne. Han tenkte å bera steinen over fjelli til
Hedalen og leggje’n tett innmed døri til huset åt
uvenen, so han skulde bli stengd inne og svelte
i hel.

Då jutulen hadde funne denne høvelege steinen
laga han seg ein meis av ungtre, la steinen i meisen
og tok ”n på ryggen. Og dermed tok *n til å labbe
på — han gjekk berrføtt. I fjellmarki millom Dok-
ken og Tonsengen steig han litegrand feil på ein
stein og med det same foten gleid ned-etter klem-
dest steinen i hop, som ”n skulde ha vore av rug-
mjølsdeig, so tung var jutulen og børdi han hadde.
Endå den dag i dag syner det merkje i steinen etter
fotbladet til jutulen og etter tæane, som har vore
store som vottar.

Bakken der steinen vart liggjande heiter endå i
dag Jutulbakken.

I Tohsmarki sette jutulen seg til å kvile. Då
han skulde rise, rauk meisen sund. Han leita vidt
og breidt etter ungtre til ein ny meis, men det fanst
ingen so pass store at dei kunde halde ein slik
stein. Jutulen stod lenge, klødde seg i håret og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0050.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free