- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
61

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

61

såg folk både henne og det døde barnet gjekk kring-
um i likklædi sine på Ål kyrkjegard.

SJØORMEN I VATSFJORDEN

I fjellvatnet Røungen nord for Vats, var det ein
sjøorm i gamle dagar. Ein gong tok han vegen ned
etter ei å som går frå Røungen og ned i Vatsfjor-
den. I Randelii, ovanfor garden Randen, hadde
denne sjøormen skura borken av ei bjørk som stod
noko ut i å’n.

Då udyret var komen ned i Vatsfjorden la bygde-
folket råd upp um korleis dei skulde bli kvitt denne
uhuglege grannen dei hadde fått.

Dei skaut saman og kjøpte bøvergjeld, som dei
batt i tåtor og festa under båtane sine og so rodde
dei i flokk og fylgje sørover fjorden. Då dei var
komne so langt som ved øyane midtfjords vart
stanken av bøvergjeldet for sterk for sjøormen og
han sette på oset og ned gjenom Votna og i Hal-
lingdalselvi. Kor det so vart av han, veit ingen.

NOSINGANE OG VATSINGANE

For eit hundra års tid sea var nosingane og vat-
singane usams um beitesmarkine. Det var deildes-
merkje millom langstølane til nosingane og heime-
stølane til vatsingane det var usemje um. — Nosin-
gane vilde hava heile Vestlii — på sørsida av Vats-
fjorden og Votna og fiskerett i Vatsfjorden, der
dei til liks med vatsingane hadde båtar. Dette sette
vatsingane seg i mot, og so skulde tvistemålet bli
avgjort med makt. Båe partar møttest i sine båtar
midtfjords, og her var det sjøslaget stod. Det gjekk
varmt for seg, serleg med steinkasting. Ein av

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0065.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free