- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
64

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

64

det ei glo burt på eine foten hennar, men ho iddest
inkje å flytja på foten: «Kara burt gloen, Tore»,
sa ho berre. — Dei hadde ei kyr — ho heitte endå
Makelin. Kyri svalt i helt fordi kona iddest ikkje
å stelle ho — ho hadde för nok. Då ho og mannen
ein dag kom ned i fjøset og såg at kyri låg der
steins dau, sa kona berre: «Kjipp klaven tå ”n
Makelin du Tore».

So ein dag vart mannen klen. Kjæringi sat i ro
og mak i peisen og stelte inkje um han. So døydde
han ein dag. Det vart ho inkje vår. Seinare på
dagen gjekk ho ned til Brattegard. — «Korleis er
det med han Tore i dag då?» spør Brattegards-
kona. «Å, han saup lite grand i går, han syp vel i
dag med», svara kjæringi. — Då dei kom upp i plas-
sen var Tore død. Ei gjente som var innum då kjæ-
ringi gjekk nedover til Brattegard hadde ogso set på
han var død.

Kjipp — noko som skal gjerast fort.

ØYVIND GURIGARD

Øyvind Gurigard i Leveld var ein venesæl og
gild mann, som var mykje avhalden i grannelaget
— han var ein sers vyrd mann i bygdi, velhalden
og pålitande. Øyvind var til brudlaups ein gong. —
Det var ikkje til småmink for ein mann på desse
tider å drikka seg full og heller inkje at ein krangla
og slost, serleg når det var med slike som galdt
for kjempor og frikarar. I brudlaupet kom Øyvind
i kjevling og slagsmål med ein uvyrden kjempekar
som hadde drege kniven. Øyvind drog ogso kniven,
og av vanvare kom han for nær leggen til slåst-
kjempa og skar av livåri i leggen. Slåstkjempa
blødde seg i hel og Øyvind vart lyst fredlaus. Han

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0068.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free