- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
67

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

67

med si utlegd. Då frendar kom og skulde buføra
han heim sprang følet kringum bui og kneggja, det
sakna husbonden. Og det var glør i peisen, lengre
var det ikkje sea Øyvind hadde stulla her. No fann
dei liket på taket.

I dei dagar var det ikkje veg over fjellet millom
Hallingdal og Lærdal. Det var berre ridestigar.
Når lærdølene skulde til Branes (Drammen) med
sild, laks o. a. var det med kløvreid over fjellet til
Vats, Leveld eller Hemsedal.

Ei tid etter mordet på Gurigard’n kom Petter
Bø med ei sildekløv til Vats. Det var kvelden då
han kom til Håvardsgard og lydde seg um etter
hus for natti. «Ja, du skal få husvere, sa Håvards-
gard’n, han drog kjensel på den framande. Bø’n
fekk ligge på låven. Då han vel var somna liskra
Håvardsgard’n seg inn til han, kasta seg over han
og sa: «Det var synd du skulde vente so lenge på
betalingi for framferdi mot Øyvind frenden min
her inne på fjellet. Du lyt orsaka, me hallingdøler
har ikkje nådd i deg før, men no har eg deg her,
og her skal du få betalingi». Og i eit ovsinne knåd-
de han no Børn og braut armar og føtar attover,
til slutt knekte han ryggen på han og so bar han
armingen ut og hengde han upp på kløvi og sa til
tenestguten hans, at no kunde han føra husbon-
den heim, og det på timen, elles skulde han (guten)
få same handsaming. Og guten so gjorde, han
kløvja husbonden sin heim, der han døydde ein
månads tid seinare etter felsleg liding.

Det var ingi lovleg handsaming å ledbryte Bøn,
og han sjøl hadde halde ses innan for lovens gren-
sor, må tru. Håvardsgard’n vart meld og det kom
til forhøyr. Grannar i Vats og Leveld vart stemnde
inn som vitne, men dei nekta alle for å veta noko
um dette. Seinare vart forhøyret teke upp att og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0071.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free