- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
77

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

TT

sove før — det skulde helst vera eit framandt hus
med — og den ein då drøymde um, skulde ein få.

Qlik var det i alle fall i Flå. Lenger uppe i Hal-
lingdal sov dei på «stein». Joleftan tok ein 3 stei-
nar, ein frå kvar sin brunn, la steinane under hovud-
puta og sov i eit hus ein ikkje hadde ligge før, og
den ein då drøymde um skulde ein få.

NARVE MADSESÆTER

Fyrr i tidi var det jamt leide uår. I 1809 var det
hungersnaud i Hallingdal.

På Madsesæter ovanfor Sørbygdi i Flå var det
tvo brør som heitte Narve båe, — Store-Narve og
Vesle-Narve. Vesle-Narve freista i lengste laget å
halde livet uppe. Men det var ikkje det Guds grand
av mat i huset. Han hadde levt på berre fisk i
lengre tid, men no var han vorten so avmektig at
han ikkje orka å fiske heller. Ein dag gjekk han
upp i skogen og åt bær. På heimvegen sette han
seg til å kvile på ein stein der uppe i Voll-åsen og
her døydde han. Han makta ikkje å reisa seg AL.
Han vart funnen som lik året etter. Det hadde
vore mykje leiting lenger inne på skogen, ingen
hadde tenkt på å leite so nær heimen. Vesle-Narve
var ein tilsegkomen, gift mann med fleire born.

MANNDOMS-VERK

Eit brudepar var vigsla ved Flå kyrkje. Brude-
fylgjet hadde drukke tett på Ve, og mest alle mann-
folk var fulle. Då ferdi kom ned til elvi og skulde
ro heim-over var det mykje ståk og bråk i båtane
og brudebåten gjekk rundt, so alle för på elvi. Dei
fleste kava og berga seg i land, bruri sokk. Det
kom upp eit par boblor som brast, og so rann Stor-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0081.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free