- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
82

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Er Ob Gr DER å i EG OR 47

82

Sidan her det vore same slekti på Solheim heilt
til no nyleg. No er Solheim-garden ogso uppdelt. —

PRESTEN OG KLOKKAREN I ÅL

Presten og klokkaren i Älsgjeld — klokkaren
heitte endåtil Ål, men kva presten heitte veit ingen
— var ein gong på ferd i lag o& kom til ein gard
der dei bad um natteherberge. Dei råka på ei ung
gjente ute på tunet og ho gret då dei bad um hus-
vere. Dei spurde kva ho gret for, men dette vilde
ho lenge ikkje ut med. Endeleg sa ho, at ho tykte
it um dei, som skulde døy, som var so pene og
vakre karar. Ho fortalde at ho var fanga av nokon
røvarar og sett til å stelle for dei. Presten og klok-
karen vart trast samde um å freiste redde gjenta,
og gjekk beinast til røvarane og bad um husvere
for natti, og det fekk dei. Dei bad ogso um dei
kunde få gjenta til å lyse seg um natti, fordi dei
hadde mykje å skrive, ogso dette vart det ei råd
med. Gjenta fortalde no det ho visste um røvarane
og korleis dei gjekk fram med mord og drap. Når
farande folk kom der, datt dei or sengi med det
same dei la seg og lukt ned i kjellaren, og der vart
dei slegne i hel so sant dei rørde seg.

Presten tok ein kubbestol og la i sengi. Denne
hamna straks i kjellaren og dei høyrde nokon som
hoggde i han. Klokkaren heiv og ein kubbestol i
sengi og med denne gjekk det same leids. Straks
etter såg presten — i spegjelen — ein naken mann
stod utan for glaset, endå det inkje var å stå på.
Presten spurde kven han var.

Mannen svara at han var myrda her og kunde
ikkje få fred fordi han ikkje hadde fått kyrkje-
gard. Han lova å redda dei dersom dei vilde gjeva
han ei grav i vigd jord. Med det same kom det

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0086.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free