- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
85

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

85

etter, var ambodi burte. Dei fann ambodi att millom
Nerol og Helling. Folk flest tok dette som eit
teikn frå Vårherre og so vart det til det at kyrkja
vart reist just her. Kyrkja hadde vore og vart ei
liti reisverkkyrkje.

Det var jamt prestar som åtte Hol-kyrkja, men
enkja etter sokneprest Stockflet lyste ut at kyrkja
og kyrkjegodset skulde seljast til den som baud
mest. Fem holveringar med Sjugurd Foss i brod-
den för då ned til Äl og kjøpte kyrkja med 88
kyrkjekyr. Det ser ut som desse herremenn har
selt att, for då soknepresten Niels Ribe var død i
1751 har det vore auksjon i «Sterbboet» etter han,
ogso over Hol-kyrkja som då hadde 39 kyrkjekyr.
Lensmann Ole Hammersbøen, Eirik Seim, Sjugurd
Mørk og Eirik Verpe fekk tilslaget på 402 riks-
dalar.

Sea gjekk kyrkja jamt i handel, serleg etter
kyrkjekyrne kom burt var det ikkje noko lønsamt
å sitja med kyrkja.

Kyrkjekyrne var gjenom tidene ofra til kyrkja
av folk som vilde gjera godt med det, eller av folk
på dødslægje som vilde sikre seg å bli evig sæl på
dette vis. Ei slik kyr var kyrkja si eige, fullt ut,
men det hadde vore skikk og bruk at kyri vart
verande på garden ho var gjeven i frå og at det
vart svara 6 merkar smør for året i leige for kyri
til prestebolet eller kyrkja. Men no kom dei 4 menn
som åtte kyrkja på at dei vilde ha kyrne fram-
fødde um våren so dei kunde tilegne seg heile av-
drotten av dei um sumaren og so skulde bøndane
taka mot kyrne att um hausten og framleis fore
dei fram. Dette vakte stor røre, men endelykti vart
at dei 89 bønder som drogs med kyrkjekyr på gar-
den sin vart nøydd til å kjøpe kyrkja og kyrne av
desse 4 som åtte dette styret og dei måtte gjeva

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0089.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free