- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
87

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

87

i vrangstrupen, alle i hop. Både i detalj og i det
heile teke er bilætet forfeila.

Ein merkeleg ting er det elles med Hol kyrkje —
på øystre side er det tilbygd ein tunnekvelv eller
absis. Eit lite rundt tårn over denne absis er
av nyare dato, men sjølve kvelvingen er visseleg
like gamal som kyrkja. — Hol gamle kyrkje er lun
og triveleg, som ho står der so solbrend uppe i
bakken. Det er tvo slag kyrkjor og det er tvo slags
hus — varme og kalde. Hol kyrkje er av dei varme,
so kravlaus ho står der. Og ho er kjær for bygde-
folket, som gamle kyrkjor jamt er det.

GAPESTOKKEN

Når soldatar hadde bore seg uverdigt åt eller
forsett seg mot den ytre kyrkjelov i gamle dagar,
skulde dei setjast i gapestokken for dette, og det
på ein messesundag.

I Hol stod det til for umlag 100 år sea ein slik
gapestokk på Skalkehaugen nedanfor kyrkja. Gape-
stokken var ei tremerr syndaren sat tilskrevs over
som på ein hest.

Seinare vart gapestokken i Hol flytja ovum
kyrkja. Ein mann på Nerol har fortald Tor Villand
at han kunde minnast ein, folk kalla Lars’n, sitja i
gapestokken. Han måtte sitja der under gudste-
nesta frå ende til annan og so lenge det var eit
menneskje att på kyrkjegarden.

SIGØYNERSKA PÅ NEDREMYR

Skilnaden på ei gjente og ei fente, framand-
fente, i Hallingdal er denne: at gjenta høyrer hei-
me i Hallingdal, medan fenta er framand og går i
framand klædesbunad.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0091.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free