- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
100

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

100

ved stølen, men taterfylgje trudde dette og la i veg
burt frå stølen det fortaste dei vann. Birgit SE
nok vist dei vettervegen.

OLAUG BRØTO

Olaug Brøto frå Børtnesøygardane i Nes gjekk
ut på vollen ein gong ho var på Brøto-stølen, og la
seg til å sova. Ho drøymde at nokon tømra og tekte
ei flunkande ny stugu over henne der ho låg. Då
stugu var ferdig kom det tvo spelemenn i brodden
for ei heil horg ungdom, gutar og gjentor, so stugu
vart full. No tok dansen til. Spelemennane spela *
berre ein einaste slått, og denne hadde Olaug aldri
høyrt før. Endeleg slutta dansen, alt vart stillt og
Olaug vakna. Og ljøs vaken kunde ho slåtten. Denne
glåtten har vore mykje nytta i Nesgjeld seinare,
men før hadde ingen høyrt han.

ODDNULF UPPHEIM

Ein av sønine hans Ädne Uppheim heitte Odd-
nulf, og fordi han var frå Kari-garden kallast han
for Kari-Oddnulf.

Oddnulf var ungkar all sin dag, endå han var
både kvennekjær og gjorde lykke hjå kvinnone.
Men det var haugakvinnfolk han hadde lagt elsken
på, kristna kvinnfolk brydde han seg ikkje dusti
um. I nærmunum av Helsingset ligg Nybustølen.
Her heldt Oddnulf seg jamt, og like jamt såg folk
honom i lag med hauga-kvinnfolk, men når bygde-
folk kom nær inn på dei, var OQddnulf åleine.
Spurde nokon kven som hadde vore der hjå han,
svara han berre: «Kven spør du for?» Stundom
tykte folk dei såg Oddnulf og haugagjenta leidde
eit barn millom seg. Folk kalla gjenta Nybustøl-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0104.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free