- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
101

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

101

døla og det var vanleg tru at dette var kjærasten
hans Oddnulf.

Nord for Helsingset ligg utslåtta Stakkestøe. Her
og hadde Oddnulf ein kjærast av huldreætti. Henne
kalla dei Stakkestømari.

Då Oddnulf sat ved peisen heime og det brann
eit godt eldsmæle, sat han jamt å rugga so smått
på seg og mulla på ein slått, plent som når ein bys-
sar småborn i svevn.

Etter som tidi lei tykte folk jamt dei såg Odd-
nulf burte i skog og mark, men når dei kom nær
vart han tvert burte. Det var vanleg meining i
Uppheimsgrendi at det var av sønine Oddnulf had-
de med Nybustøldøla eller Stakkestømari som för
der og tusla.

OQddnulf var kjær i brennevin all sin dag, og fekk
han brennevin gjorde han kva det skulde vera
for det.

Ein gong vilde Ola bror hans — som sat med
garden, ha sett seg upp ei bu på ein av stølane. Då
tømmeret var hogt og skulde køyrast, gsodsvalla
Ola med Qddnulf og gav honom nokon drammar og
so sa han til tenestgutane so OQOddnulf høyrde på:
«No blir han Oddnulf med dikko, og so fær de gjera
som han segjer fyre». «Ja, ja e fær vel bli med då»,
sa Oddnulf, og so fekk han ein pott brennevin med
til skogs. «Dæ æ nok, når me taka mæ uss Vesle-
brun», sa Oddnulf til tenestguten, og til det vart
det. Guten køyrde med Veslebrunen det tømmeret
Oddnulf drog fram, og det var kje plent spede
saker: Møningsåsen er 11 alnir lang og 10 tumar
i toppen.

Ola hadde lånt pengar hjå nokon umagar der i
Uppheimsgrendi og so skulde dei få slå eit tree
i staden. Då gutane tok til å slå høyet fortalde Ola
Oddnulf um dette. Men då høyet var turt bar

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0105.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free