- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
103

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Mr

108

støl og buhamn — var han sterk nok til å vinne
på eigaren, måtte denne vike.
Og sameleids — dersom ein hadde hug til å ha

tak i annan manns stugubygnad, fjøs eller stolphus,
var det berre å fara avstad og rive ned og føre burt
husi til sin eigen gard. Var eigaren ikkje’sterk og-
før nok til å jaga husrivaren burt måtte han fint
sjå på at den andre tok husi, plent som dei var
kjøpte på ærleg vis.

Fin mann på Hesla i Gol hadde ein gong fått
hug på eit lofthus i Olsgard uppe i Golsreppen.
Heslamannen för upp til Olsgard og tok utan vidare
til å rive taket av loftet. Olsgardmannen, som var
underlegen i krefter, våga ikkje å setja upp og
laut sjå på at loftet vart rivi og køyrt ned til Hesla,
og her stod det i langsamelege tider.

MUNKEPRESTEN VIND

Den fyrste prest i Älsgjeld kalla folk «munke-
presten Vind». Munkeprest tyder her ein katolsk
prest. Folk i Älsgjeld vilde ikkje veta av kristen-
domen, og denne fyrste kristne presten skal ha
møtt same harde motstand som den fyrste luther-
ske prest her, Zakarias Powelsen. Älmugen gjorde
uppstyr i kyrkja medan Vind messa. Ein åling var
so kav-sinna, at då han ikkje torde leggja hand
på presten gjekk han ut og burt i hestehagen og
køyrde kniven tvo gongor i sin eigen hest. Meir
har eg ikkje høyrt fortald um munkepresten Vind.

SYNNØV SVEINGARD

Synnøv Sveingard i Sudndalen i Hol var meir
enn 100 år gamal då ho døydde. Ein dag i sine beste
år kom ho til kårkjæringi på grannegarden —

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0107.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free