- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
110

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

110

Ein gong vilde han koke kjøt, og spurde Trageto-
mannen um å få låne ei øks. «Du skjemme ho berre
ut for meg», sa Trageto-mannen. «Ja, ja det er
ikkje verre med eit fenalår», sa Halvor og so braut
han det sund som det skulde ha vore skoraflis.

Hølane — herdane.
Tukka — flytte på seg.

KOPARSTEINEN

Trast sunnafor Slettemoen i Hol lige det ein sver
stein, som kallast for Koparsteinen. Denne har
Sangemann-jutulen kasta hit. Han vilde ha kasta
han på Hol-kyrkja med det same denne var bygd
i Tjyrudalen, men han nådde ikkje fram. Kopar-
steinen vart liggjande ved Slettemoen, som sagt, og
der ligg han endå. Under denne steinen ligg det eit
svert pengeskrin.

EYVIND SUNDBREI OG VESTLENDINGEN

Øyvind Sundbrei i Ål var ein gong «nora fjellet»
på sauehandel. Fin kveld kom han inn på ein gard
og spurde um husvere natti over. «Eg skal ha for
meg noko i kveld og eg er redd for du ikkje toler
å sjå på», sa mannen. Men då dei hadde svalla saman
ei stund og han forstod at Øyvind var ein klok og
tolug mann, vart det til det at han fekk natteher-
berge. Då dei hadde site og rødt saman um laust
og fast ei stund, stod vestlendingen upp, gjorde
ein kritring på golvet og tok til å lesa i svarteboki.
— Rett som det var flaug døri upp og so kom det»
farande inn ein mann som stana tett innafor dør-
stokken. «Statt der du!» sa han som las.

«Vil du hava han straffa?» spurde den framan-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0114.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free