- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
111

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

4

de. «Kva kostar det?» «Det kostar di eller hans
sjæl». — «Men kor ligg veven?» spør mannen. Hin
fortel at veven ligg i ei myr so og so mange alnir
frå huset der han er stolen. «Ja, so kan du gå»»,
segjer mannen.

Dei fann att veven. Øyvind bad um å få kjøpt
denne boki. «Ikkje no, men næste år fær me no sjå.
Det er ei god bok, men «Cefarnus» var betre —
harmeleg at eg skulde ha mista «Cefarnus» på ein
flytjetur», sa vestlendingen.

HERBRAND SLATTUN

Herbrand Slåttun för ein gong over Ringerike på
veg til Oslo. På ferdi tok han inn på garden Steins-
voll ved Krokkleiva.

Det såg fælt ut i stugo då han kom inn. Eit men-
neskje var myrda og liket stappa i ei teine, kona
i huset låg halvdød og medvitslaus på golvet og ei
ung gjente, som ogso var skadd, låg under sengi.
Herbrand reiste upp kona og bad henne sitja i frel-
sarens namn og bad seg elles Gud til hjelp. Han
fekk samla folk frå grannelaget og sette so etter
mordaren.

Herbrand kjende på seg kor mordaren var, og
han fjetra han på staden. Dei nådde att mordaren
ved Bærum verk. «No får du stige ned av hesten»,
sa Herbrand, då dei nådde att mordaren, og dette
gjorde han, og vart godviljug med til lensmannen.

Det var ein svenske heitte Wallberg. Han had-
de kjøpt brennevin på Steinsvoll, men vilde ikkje
betala det, når det var uppdrukke, og so vart han
til uvens med gastgjevarkona. I fylla drap han ein
mann som var inne, og skadde kona og ei ung gjente
og la so til sprangs. På skysskiftet Jonsrud hadde
han teke seg hesteskyss for å koma fortare undan.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0115.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free