- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
114

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

114

stort, ført kvinnfolk. Dei fata ein sver trekubbe og
slengde etter henne, då vart ho stums burte, men
det tok til å fyke slik med trekubbar der i stugun
at dei måtte sjå til å koma seg på dør det fortaste
dei vann. Det var som ei tjukk skur med laved som
rasa der inne.

Andre gongen kona på Rygg låg i barselseng vart
ho plåga av trollet atter, og grannane samlast i
stugu på Rygg og skaut etter trollet. Rett som det
var fauk døri på vid vegg og ein liten gut sa då:
«Der för Vekter ut!» — Vekter var gardshunden,
men han var inne. Folk skyna då at det var Rygg-
trollet som var fare på dør. Sea har det vore frede-
leg på Rygg, ingen har set trollet meir.

DØLEHAUGFOLKET

Millom Uppheim og Underåsen i Torpo ligg plas-
sen Dølehaugen, — tett attmed Lya-åni. Her budde
til for 90 år sea eit par folk heitte Andres og Gun-
"hild, kjæringi var upphaveleg frå Kyrkjedeild i
Leveld. Dei var lukkelege og rike, endå det var
ikkje mykje dei åtte. Husmannsstuga var liten,
sengi hard, maten tarveleg og arbeidsøykti lang
og hard. Dei hadde ingi born å leggja sin elsk på
og den kjærleiken dei åtte ødsla dei på kvarandre.
Grannane totte dei var nokon raringar, og det var
vel so, det sjeldne er jo det rare, men dei stod seg
aller best med å vera — raringar. Dei hadde ikkje
hest i Dølehaugen. Andres var hest sjøl, han. Um
morgonen då han traska heimanfrå med skikjelken
for at hente heim ved og för frå åsen og fjellet kom
Gunhild alltid og sa: «Lykke på reisa, Andres!»
«Takk!» sa Andres, og dermed so gjekk det alltid
godt. Men ein gong velta heile lasset for Andres
og för lukt på ein ugard so både föret fauk utover

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0118.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free