- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
115

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

115
G å
og kjelken vart branka. Andres kleidde seg i hår-
garden og grunna på dette. Slikt var han uvan med,
den eine dagen var gått plent som den andre utan
noko uheld, heile hans liv. — Men no skyna han.

alt: det kunde ikkje gå betre i dag, for Gunhild

hadde ikkje vore ute og ynskt han lykke på reisa
denne morgonen! Skaden på kjelken var ikkje
større enn han kunde fått lasset med seg heim, men
han tenkte: «Dette skal du ikkje hefte tidi med,
Andres Dølehaugen — det kunde møte deg større
uheld før du er heime». Han gjekk soleis heim tom-
reipes og fortalde Gunhild korleis det var bore til,
og ho meinte det same, at ulykka kom seg av
at ho ikkje hadde vore ute og ynskt han lykke på
reisa. Ho dreiv med ølbrygging denne morgonen
og kunde ikkje gå frå vørterkjelen. Men då Andres
no gjekk att for å hente kjelke og lass bad ho han
lykke på reisa, og han kom både godt og vel heim
med lasset. Ogso mot haugafolki var dei svert
gemeinslege. Når dei tok inn i ei stølsbu og tenkte
seg til å bu der medan dei dreiv med storrslått og
slikt, sa dei båe ålvorleg og truverdugt med det
same dei kom inn i bui: «Hudag, — kunna me få
bu her nokon dagar — me skal vera stillslege og
snille». Haugafolki toler ikkje mykje bråk og ståk.
Og ingen må nemne Jesu — eller Guds namn der-
som ein vil halde seg inne med dei — difor må ein
segja: Hudag istaden for Gudag når ein talar med
haugafolk.

Det var til vanleg kona på Uppheim som hadde
kyrne til Dølehaugfolki um sumaren. Når dei lét
frå seg kyrne um våren, hefta dei fram for grindi,
og kjæringi gjekk inn til Uppheimsbølingen og så
ho skulde helse frå bjøllekyri og spørja um ho fekk
vera i lag med dei um sumaren. Når so ei av Upp-
heimskyrne rauta, tydde det det sama som ja, og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0119.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free