- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
116

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

116

so leidde Andres kyri inn i kvei til Uppheimsbølin-
gen. Og slik med dei andre tvo Dølehaugkyrne med.
Ein skulde fara varsamt og taka verdi med det
gode, meinte Dølehaugfolki.

Då Uppheims-bølingen kom heim frå stølen um
hausten, førde Dølehaugfolki dei tri kyrne sine
heim til Dølehaugen. Då dei kom fram vart kyrne
hefta fram for grindi. Andres sjøl heldt bjøllekyri,
medan Gunhild gjekk inn i stugu og henta ein brand
som ho svinga tri gongor rundt kyri. Då ho hadde
vigsla kyri på dette viset gjekk ektefolki på kvar
si side av kyri og leidde ho inn på plassen. Slik gjor-
de dei ogso med dei tvo andre kyrne.

Um våren, då Andres skulde ut på åkeren også,
tok han støtt på seg ei nyvaska, drivkvit skjorte.
Det skein lang veg av han der han gjekk ute på
åkeren med kornbali under armen. Og Andres hadde
si meining med dette: So kvit som såskjurta hans
var, so kvitt skulde det fullmogne kornet bli til
hausten.

SVENSKEN OG ORMEN

Sigrid Gudbrandsrud frå Rukkedalen tente på
Nyhus i Torpo, og ho har upphaveleg fortalt denne
soga til dei som eg har høyrt dei av.

Ein dag kom det ein omstreifande svenske til
Nyhus, og trast han var komen inn i stugu tok
han ein orm ut or barmen og la han på peishella,
so han skulde få verme seg. Svensken bad um mjølk
til ormen, og det fekk han, kjæringi torde ikkje
segja nei. Men ormen vilde ikkje ha denne mjølki.
«Er det stole noko her?» spurde svensken..Ja, det
var stole ei kvige. — «Vilde dei sjå tjven?» Ja
sjølvsagt vilde dei det. Dei fekk ogso sjå han, og
kviga fekk dei att.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0120.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free