- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
117

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

117

«Skal eg straffe han?» spurde svensken. Men det
vilde dei ikkje, Nyhusfolki. «Vil de sjå alle mus de
har på garden?» spurde svensken, Ja, det vilde dei
svert gjerne. Og so kom det ei fæl horg med mus
setande, so kvinnfolki på garden skreik ende over
seg og kava med armane. «Kor skal eg gjera av
dei?» spurde svensken. «Før dei på storvegen!» sa
Nyhus-mannen. Og slik vart det. Og so sette alle
mysene avstad etter ålmannvegen, so det var yran-
de svart eit langt stykkje. Kor lenge dei heldt ål-
mannvegen veit ikkje eg. Og det visste ikkje Sigrid
Gudbrandsrud heller.

KYRKJA I USTEDALEN

Ustedalen, og fram for alt Skurudalen, har frå
alders tid havt svert lang kyrkjeveg, for prestegjel-
det hadde berre ei einaste kyrkje — i Holet i Hol.
Skurdøline måtte fara på kyrkjeveg laurdagane,
og før det vart arbeidd veg der var ei kyrkjeferd
svert strevsam. Kvinnfolk kom jamt ikkje oftare
til kyrkjes enn eit par gongor for året, då dei gjekk
til alters. Ved dødsfall måtte dei kløvja likkistone
fram til storvegen i Ustedalen. Kista vart sett tvers
over kløvreii, og so gjekk ein mann på kvar side
av hesten og studde uppunder kista. I seinare tid
hadde ein funne på å køyre likkistone på sløgg —
det var eit par skoklar med lange endar — attarst
på her vart det festa eit par kavlar, som kista vart
sett på. For ein mannsalder sea fekk ein god veg
over fjellet her og då vart det sjølvsagt betre å
koma fram, men vegen var like vel lang til Holet
og det var nok berre dei mest kristeleg interesserte
som gjekk til kyrkje. Dei måtte då ogso ofre minst
ein arbeidsdag og skofota sine. Det var Lars Pål-
gard i Skurudalen som gjorde upptaket med å få

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0121.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free