- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
118

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

118

reist kyrkja i Ustedalen. Kyrkja vart vigsla av
biskop Essendrop den 4. juni 1890. Det var bygg-
meister Ola Sollien frå Torpo som bygde kyrkja.
Ei eldgamal kyrkjeklokke frå Torpo stavkyrkje
vart ogso kjøpt og hengd upp i Ustedalskyrkja.

SYSTERLYFTUNE

Tvo systar — ei på Nerol (prestegarden i Hol no
er) og ei på Sundre i Älsgjeld vart ein gong i gamle
dagar usams um eit skogmerkje eller skogdele burte
på åsen vest for Hallingdalselvi. Men endelykti vart
at dei samdest, og då la dei ned kvar sin stein som
delesmerkje, den eine ovanpå den andre. Steinane
ligg der endå, og kallast for systerlyftune. Dei er
so store, desse steinane, at det skal rett gode karar
til skal dei evle å lyfte dei.

ANNFINLI-BRØRNE

I Annfinlii budde i katolsk tid ein tolleg velstå-
ande mann, han åtte garden og sine 400 riksdalar
i pengar. Han hadde tvo søner. På sine gamle dagar
skifte han slik millom dei at den eldste fekk garden
og den yngste dei 400 riksdalar.

No hadde gamlingen ikkje vore av Guds beste
born, og yngste-guten stussa på um det var rett-
ferdige og ærlege pengar han hadde fått i arv. Då
han hadde aula og tenkt grundigt og lenge på dette
gjekk han upp i Kroktjønni ovan for garden og
kasta dei 400 riksdalar — som han hadde i sylv alt
i hop — ut i vatnet, og so bad han til Gud, at der-
som det var nokon rettferdig mynt i arven, so måt-
te denne eller dei myntane flyte upp. — Det flaut
upp berre ein seksskjelling. — Denne hadde han
då med rett og ære. Fram på vinteren sende han

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0122.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free