- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
119

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

119

denne seksskillingen med ein handelskar frå Åls-
gjeld som skulde «norum fjellet» og kjøpe sau. Men
for berre 6 skilling var det, jamvel i dei dagar,
vanskelig å få kjøpt noko levande krøter. Men just
som sauekaren skulde fara heim att slumpa det til
at han fekk kjøpt ein katt for denne seksskillingen.
Innetter Sognefjorden för handelskaren med ei
skute, og um bord var det so mykje rottor og mus
at det var ei stor plåge. Katten veia so godt at
skipparen fekk hug til å kjøpe katten, og han be-
talte sers godt. Den yngste Annfinliguten fekk då
pengane og tok so til å drive handel, og han hadde
lykka med seg og vart ein halden mann. Den eldste
broren som hadde fått garden, tenkte mindre på
at arven kunde vera urettferdig gods, men han kom
då ut for ei retteleg ufold: Eit år hadde. han inkje
almanakk eller primstav, og dermed so hadde han
forrekna seg på tidi, so han hadde halde på eta
kjøt i 14 dagar ut i fasta. Slikt vart rekna for ei
veldig synd hjå katolikarne og Annfinlimannen
fekk det slik med angst og reddsle at han gjekk
til soknepresten i Ål og skrifta. Og for å få absolu-
sjon — tilsegjing um syndstilgjeving for kjøtetingi
i fastetidi, ofra han heile garden Annfinlii til Ål
kyrkje.
Sea var garden benefisera gods i fleire hundra år.
På sokneprest Ole Engelstrup’s tid var det tvo
gardepartar her, og vart kalla Annfingarden og
Annfinslåtta. Torstein Sando kjøpte garden av Ål
kyrkje og nytta ”n som utslåtte. Sea vart garden
kalla Sandolii eller Sandelii. No kom garden for ei
tid under Vareberg, men i 1830 kjøpte Ola Sande-
lien — far til ordførar Halvor Sandelien no er,
garden og bygde han upp att. Namnet Annfinlii
er no mest gløymt.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0123.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free