- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
120

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

120
SVEIN HALVORSGARD

Svein Halvorsgard i Votndalen i Älsgjeld levde
ikring 1800-årstalet. Han var kjend for å vera
uvanleg sterk. Fin gong hadde ei kyr brote av foten
uppe i Hellebufjellet. Svein la kyri i ein meis og
bar ho ned på stølen — %4 mil.

DAUDE ELLER SKARPRETTAR

På Håkonsgard i Leveld var det ei gjente som
hadde huglagt ein gut ho ikkje fekk lov av foreldre
å gifte seg med. Ho var so ulykkeleg at ho vart
med barn, og slikt var so stor skam i dei dagar,
at det var verre enn døden. For å dylja si skam
drap ho barnet og gøymde liket under stallgolvet.
Her fann far hennar det, og då han kom inn og
nemnde um dette med gjenta fall ho i uvit. Både
foreldri og andre skyna no korleis det var bore til,
og gjenta kom under forfylgjing og vart dømd til
å hengjast 1 ein galgje på Rundemoen ved Gullha-
gen. Det var ei over lag ven gjente, og ho hadde
so langt hår, at då ho reid ned-etter Votndalen til
rettarstaden, låg håret hennar nedover sadelhjurdi
so ridesalen var mest gøymd. Folk som såg denne
vene gjenta gret over den tunge lagnad som hadde
råka henne med all hennar venleik i ungdoms år.
Men sjølv var ho trøytt av livet, roleg og nøgd med
døden.

I desse dagar var det slik, at meistermannen eller
skarprettaren hadde rett til å gi ei dødsdømd kvin-
ne nåde dersom han vilde gifte seg med henne. Og
då Håkonsgard-gjenta kom fram til Rundemoen
tykte meistermannen so godt um henne at han baud
henne livet og ekteskap. Ho stod ved galgen og
hadde valet. Spaningi hjå åskodarane var stor —

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0124.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free