- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
121

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

121

valde ho livet eller døden? Det svære, brune håret
hennar flagra for vinden, soli skein og dalen stod
i sumarbunad, det var som livet endå ein gong
smilte til henne, og baud henne lykke. Men ho for-
smådde stolt den lykka som hjarta hennar ikkje
kunde nyte, sa nei og valde døden. Ho vilde heller
døy enn leva saman med ein ho ikkje elska.

KLEMME-EIRIK

Klemme-Eirik var ein baus kjempekar, men få-
mælt og likesæl. På Kongsbergmarknaden sat han
ein gong på eit vertshus og drakk, då det kom ein
bergenhusing inn der og burt til bordet hans: «Eg
går og leitar etter min likemann. I Bergenhus stift
er det ingen som kan leggja meg på fy 99, hen ex
hallingar, men i Hallingdal er berre geitar», så han.
Klemme-Eirik tok det med ro, fekk seg ein pel
brennevin, som han svelgde, venta eit bel til rus-
drykken var gått i kroppen på han og so stod han
upp og gjekk på bergenhusingen og rundhjula han
so han vart støl i alle sine lemer. «No har du kan
henda fått kjennskap til geitane i Hallingdal», så
Eirik.

Klemme-Eirik sat med odelen til søre Holto i
Kvinnegardslien og han kravde garden etter odel,
endå han ingen pengar hadde å løyse garden med.
Mannen på Holto gav honom 80 dalar for odelsret-
ten. Og no vart det flust for Eirik ei tid. Han leigde
seg ei liten stugu i Holterudningen, her hadde han
spikekjøt hangande under taket og smørambaren
på bordet dagen lang. Eirik låg dagstøtt på pels-
krakken og møykte seg og retta seg, åt godt og
smurde inn kne og lén med talg, so han skulde bli
mjuk og leug. Rett som det var spratt han upp og
gjorde hallingkast, spende føtane or led, gjorde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0125.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free