- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
122

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

122

kast rangsøles og spende dei i led att. Håret smurde
han ogso inn med talg, so det skulde vera uråd å
lugge han når han var i slagsmål. Av og til tok
han seg ein tur til Sundre og det lagdest jamt til
eit og anna slagsmålet for honom.

TRULSEGUTEN I LÆRDAL

Trulseguten frå Ål kom ein gong til Lærdal i eit
gjestebod på ein gard der, og Trulseguten gjekk
ubeden. Brudgomen sa, dei vilde gjerne ha traktera
honom med mat og drykk, men det var kome tvo
alkefantar og slåstkjempor der, og desse hadde jaga
heile brudlaupslyden på dør og held no hus med mat
og drykk åleine.

Men Trulseguten var kje skuggeredd, han gjekk
inn. Med det same för slåstkjempone på han og det
vart harde tak, men det var dei som måtte ut, inkje
han. Dei larka avgarde skjemde og skamfulle or
brudlaupsgarden. Då ropa Trulseguten ut på tunet
til brudlaupslyden: «Kom inn att, godt folk, dei
vart te sinns å reise att dessa karadn!»

Trulseguten vart gjest der so lenge brudlaupet
varde.

BIRGIT BRY

Birgit Bry var av Villands-ætti og gift med ein
dei kalla Bekkesta”’n. Dei budde på Nordre Bry i
Høve. Birgit Bry vart usams med grannekjæringi
— Gunnør Moen, um eit skogdele ved Skyttarglug-
gen.

Ein gong råkast kjæringane uppe i marki og dei
tok trast til å bitast, dei hadde elles ikkje tretta
langt belet før dei för på kvarandre og til å lugge,
slå og spenne. Birgit var sterk, og ho vart for hard-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0126.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free