- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
123

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

128.

hendt, so Gunnør var meir daud enn levande då
slagsmålet enda, trast ’etter døydde ho av mishand-
lingi.

For denne ugjerningi laut Birgit bøte so mykje
til mannen og borni etter Gunnør Moen, at ho
måtte «gå frå» Bry — ho fekk berre teke undan
stølen Raggsteindalen ved øvre Strandafjorden. Hit
flutte ho, og der bur slekti hennar framleis.

OLA OG BIRGIT BERG

Ola og Birgit budde på garden Berg i Vats, ÅÄls-
gjeld. Dei var besteforeldre til Håkon Berg sine
besteforeldre — Håkon som no sit som bonde på
Berg (1891).

Birgit stod jamt på god fot med haugafolket, ho
var ogso sers umsutsfull for dei. Når kvelden kom
sytte Birgit for at det var stilt på Bergsjøstølen.
Det måtte ikkje høyrast ein ljø av noko slag, hauga-
folket vilde hava det stilt um kvelden, må tru.

No hende det undarlege at Bergsjøvatnet, der det
før hadde aula og krudd med fisk, brått var fiske-
tomt. Bergsfolki var snart på det reine med at
haugafolki hadde vorte arge for noko, og at det
var dei som hadde valda dette. Ein klok mann gav
dei det råd, at dei skulde hente mold frå tri kyrkje-
gardar og strøye ut i vatnet. Moldi skulde vera
graven upp etter soleglad og vera strøydd innan
soli spratt i tindane. Bergsfolki sende då i veg ein
mann til hest til Torpo, ein til Äl og ein til Hol,
som skulde hente kyrkjegardsmold. Ryttarane kom
attende tids nok, men hestane som hadde vore til
Torpo og Ål var sprengde, ridehesten som hadde
vore til Hol klara seg. Ola Berg skunda seg no alt
han vann og rodde rundt Bergsjøstrendane og
strøydde ut kyrkjegardsmoldi. Då han var so nem-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0127.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free