- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
135

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

185

fødd i året 1716 og stod til konfirmasjon i året 1786.
Sea var det 3—4 konfirmantar for året i Hol. Mange
var gamle før dei vart konfirmerte. Ein Gjermund
Søre-Mørk i Høve var 47 år gamal då han stod til
konfirmasjon. — Då hadde han 7 lausinge-born.. I
Nes, Gol og Hemsedal var det vanleg at folk var ein
30 år før dei vart konfirmerte. Mange gutar var
fedre før dei vart konfirmerte og det slumpa nok
ogso at gjenta var mor fyre konfirmasjonsdagen.

Presten Gladtvedt i Nesgjeld hadde for vis å
— krevja at dei gjentone som kunde ha råka ut for å
få eit lausingbarn møtte fram til overhøyringane
med barnet på armen. Ungdomen vart stellt upp i
ein ring på kyrkjegolvet.

Kolbjørn Buøyn i Flå kunde minnast ei gjente som
stod slik med barnet på armen, då han gjekk og las
for presten. Ho heitte Ingebjørg og budde sea i ei
liti stugu i Skrinholet under garden Tromald i Flå.
Smågjenta hennar heitte Barbro. Ei gjente frå ein
husmannsplass frå Heie i Flå hadde ogso stått til
overhøyring med eit lite barn på armen. Elles var
det på desse tider ikkje mange som hadde lausing-
barn.

Krylling-presten var ein gong i Hol og gjorde
teneste for sokneprest Leigh, som var sjuk. Presten
høyrde konfirmantane or spursmålsboki og nytesta-
mentet på kyrkjegolvet. Fyre overhøyringi vart
namni på konfirmantene lesi upp, og det vanta tvo
gutar. Desse var på eksis trast sunna kyrkja, vart
det sagt. Då vart det sendt bø etter dei, dei laut gå
ut or geledet og stå til overhøyring på kyrkjegolvet,
dei som andre. Det var den største og den minste i
gledet, so ein av dei vart stedd øvst og ein nedst
på kyrkjegolvet.

(Umskrivaren har denne merknaden: Det moral-
ske forfallet i Hallingdal var ikkje so stort som det

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0139.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free