- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
136

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

EO DSG dn ST Mr Par Mg rn "

186

kan sjå ut til etter dette. Me skal hugse på, at ingen
fekk løyve til å gifta ses som ikkje var konfirmert.
Og for å kunne bli konfirmert måtte ungdomen
fyrst og fremst kunne lesa, og lesnaden i desse dagar
var dansk, heilt upp dansk, og det var mange som
hadde i mot bokleg upplæring fordi dei skyna at
det danske riksstyre hadde ei meining med dette
— å kue den nasjonale reisingsvilje i det norske
folket. — Eller som ein av dei danske statsmennene
sa det seinare ute i det attande århundradet: «Der
gives ingen Nordmænd mere, vi ere alle Borgere af
den Danske Stat». (Riksminister Guldberg — han
med salmeboki, 1772).

KRISTI-GUTEN

Kristi-guten heitte ein reinsdyrskyttar i Hol, han
var ogso spelemann og slåstkjempe. Han budde på
ymse stelle i bygdi lengste tii i Dokki i Sudndalen.
Kjæringi hans var so bitte liti, men over lag glad
i dans og spel. Når Kristi-guten sette seg til med
fela um kvelden, dansa ho — um ho so hadde kledt
av seg. Ein gong skumpa vesle Halvor — sonen
deira, til henne so ho datt fram i peisen og slo seg
stygt. «No va du kar, Halvor son min, skump te
henne ei gong tel» sa Kristi-guten.

Kristi-guten hadde for vis å lata neglane vekse
til dei vart lange, og so skar han hakk i dei før han
för til brudlaups, so han kunde rispe og klore dess
betre når han kom i slagsmål.

EIRIK RUE

Eirik Rue i Hol hadde svarteboki. Ein gong vart
det gjort innbrot og stole noko dugeleg i loftet på
Rue, og Eirik vilde då løyse den vonde og få han til

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0140.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free