- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
137

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

187

å tvinge fram att tjuven med tjuvekostene. Eirik
var ukunnig i denne boki og noko tvilrådig koss
han skulde taka det. Han bladde og kom til det styk-
ket som handla um å løyse Hinmannen, og tok til
å lesa på det — når han berre fekk løyst gubben,
fann han vel ein utveg til å binde han att, tenkte
han og las vidare. Radt han hadde lese dette ryfte
til endes, stod Fanden fram for honom eiskreleg
fæl å sjå til og spurde kva han skulde gjera. Eirik
vart både stums og redd, han gløymde reint heile
stuldi, og so tømde han eit skjeppemål som stod
der fyllt med rug — heile greia ut over golvet og
sette den vonde til å plukke rugen, korn for korn,
upp att å skjeppa. Hin so gjorde, og no fekk Eirik
tid på seg til å finne fram det kapitlet i svarteboki
som batt fanden. Det var ikkje meir enn Eirik
hadde funne dette, so var hin ferdig med rugskjep-
pa og med det same var han bunden att.
Tjuven vart ikkje mana fram.

ÄSGARDSREII I HOLE

Ein jolekveld for lenge sea för Äsgardsreii gjenom
Holegrendi. Ho kom travkøyrande ned etter Hols-
fjorden so det smala i isen. Nyårskvelden kom dei
attende. Då låg ein mann i Holshaga på glugg etter
reven, og rett som det var kom ein av hundane til
Äsgardsreii på åta. Reii kom då med mykje ståk
og bråk til gards på Holshaga for å redde hunden.

ASLE VIKEN

Asle Viken — eller som han ogso vart kalla —
Granli’n i Hol, var ein uvanleg dugande spelemann,
som vart mykje nytta i leik og lag. Ein gong i eit
gjestebø på ein gard i Kvisli erta nokon ungdomar

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0141.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free