- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
138

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Ke LP EE NE ENE OM de te

188

han so han vart flygande sinna. Då let han slik på
fela at grytor og kjerald dansa rundt på golvet heile
kvelden og halve natti med. Men då vart folk so
redde, dei ørta kje Asle meir.

Let — spela, ørta — erta.

DET VAR NOK IKKJE TUFTEKALLEN

På Øvremyro i Hol vart hestane so magre ein
vinter — det hjelpte ikkje alt ein gav dei. På Nedre-
myro der i mot trong ein ikkje sjå so mykje til
med hestane — för hadde dei og åt gjorde dei når
ein kom ned i stallen, og holduge såg dei ut, so det
både glinsa og skein av dei.

Det var ei ålmen meining at det var tuftekallen
eller nissen som agjerte i Myre-gardane, men hus-
bonden på Øvremyro var no ikkje so heilt viss um
dette — han hadde høyrt at tuftekallen var svert
glad i alle hestar — han kunde difor truleg ikkje
vilja plåga hestane på Øvremyro. — Mannen la seg
ein kveld i hestekrubba og brøydde dugeleg med
høy over seg. Han hadde ikkje ligge langt belet
før det kom nokon og tok høyet frå hesten. Då
sprang mannen upp og greip høytjuven i bringa og
meinheldt han til han fekk sjå kven det var, — og
So var det ein grannen, som var vreid på Øvre-
myre’n og vilde hemne seg på han på denne vis —
med å agjere tuftekall.

Vreid — sinna.

HØVSFJORDEN

Høvsfjorden ligg i Søre Høve i Hol. Det er ein
liten, men sverande fager innsjø. I vindstilla og fint

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0142.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free