Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
149
nen tok att tjuvekostene. No var det ei slik lov-
gjerd i dei dagar, at når ein tjuv var fakka kunde
han det var stole hjå, skikke bø etter folket i heile
egrendi, som skulde rundjule tjuven. Dette nytta
Grøv-mannen seg av — han fekk samla so mange
folk han kunde, batt tjuven fast til ei erind og
baud folk gå på han og svarpe og slå med sterk,
mjuk bjørkekvist. Då alle hadde gjengi framum
tjuven og svarpa til han eit drag med bjørkestran-
gen totte Grøvmannen det endå var for lite, so
han baud dei gå å gjeva tjuven ein umgang til.
Og dette vart gjort. Det var både skam og skade
å vera tjuv under slike høve.
FANGE-LIV OG NEREMYRSÆTTI
På Neremyr i Hol sit det ei gamal ætt. Desse
menn — son etter far har site på garden: Ola, Pål,
Ola, Pål, so Ola Eyvindson, som var lensmann I
Hol, Eyvind Sveinson, Svein Pålson, Pål Eyvind-
son som og var lensmann, Eyvind Eirikson og Eirik
Eirikson, som ogso var lensmenn. Dette er 10
mann, og reknar ein den tid kvar ein av desse har
site på gården — lat oss segja på eit råm 838 år,
vert dette 330 år. Ætti skulde soleis ha site på
garden sea år 1560. Men truleg har ætti site her
endå lenger, for det er inkje fråsegn um at den
fyrste Ola’n som er nemnd her var fyrste bonden
på Neremyr, men me veta inkje namni på bøndene
her fyre denne tid.
På dei tider Pål Eyvindson Neremyr var lens-
mann i Hol var det ei stor, sterk gjente på Ädngard
i Vats, heitte Liv. Ho drap lausingbarnet sitt og
gøymde seg i ei bergholu trast ovanfor Ädngard
og budde her ein heil vinter. Hola er til endå.
Vatsbygdi nordanfor Berg høyrde på desse tider
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>