- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
150

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

150

til Hol lensmannsumbod, Vatsbygdi sunnafor Berg
Bø tl Al: | -
Liv vart til slutt fakka og sett i arrest hjå lens-
mannen på Neremyr. Liv hadde ikkje site lenge
inne før ho ei natt braut seg ut. Denne natti og
dagen etter heldt ho til i eit bergklov nedanfor
Neremyr og natti der-etter flydde ho over fjelli
til Vestlandet og tok seg tenest på ein gard der.
Liv vart kalla Fange-Liv fordi ho var fange.
Lensmannen let lyse vidt og breidt etter Liv, men
det vara lenge før han fekk spurlag på henne.
Lensmann Pål Neremyr hadde tvo gardar um-
framt Neremyr—Nerol og Medhus. Det var slik
lov eller vedtekt den gongen, at dersom ein fange
rømde or arresti og ikkje var fanga inn att innan
3 år, skulde lensmannen lida straffi for misgjer-
ningi rømlingen hadde gjort.
Det leid og skreid — og ingen hadde set eller
spurt noko til Fange-Liv. Då det var berre eit par
månader att av dei 3 åri tok lensmannen til å bli

bangjen for sitt eigje liv og let kunngjera frå

kyrkjebakken, at han som kunde skikke Fange-Liv
attende åt arresti skulde få ein av gardane hans og
gjerne ei av døtterne hans som kone. På den eine
garden sin — Nerol hadde lensmannen ein brukar
som heitte Svein. Denne Svein’n hadde ein son
som heitte Ivar. Ivar og ei av lensmannsdøtterne
— Halldis hadde lenge halde av kvarandre, men
lensmannsfolki hadde støtt vore i mot giftarmålet
— dei gjætte og passa på Halldis so ho ikkje skulde
få vera i lag med Ivar.

Lensmannen si kunngjering på kyrkjebakken
spurdest fort, og unge Ivar Nerol vart glad. Han
råka Halldis eismal ein kveld og la over med henne,
so bad han velfar og tok vestover fjelli for å leite
etter Fange-Liv. Han för i mange bygder og leita

Se

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0154.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free