- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
151

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

151

og spurde, men Liv var ikkje anten å spørja eller
sjå. Endeleg kom han til Røldal, og då han kom
inn på eit gardstun her fekk han sjå Liv stå ved
ein bekk og vaska klæde. Ivar sprang på henne
bakfrå før ho vart vår honom, men endå var ho
so sterk, at han måtte få mange menn til hjelp
for å få bakbunde henne.

Han førde Fange-Liv med seg over fjelli bak-
bunden til Hol og leverte henne til lensmannen i
arresti på Neremyr. Då dette var gjort, vart han
beden inn hjå lensmannsfolki og traktera, og då
han gjekk der i frå kom lensmannen etter ut og
so sa han: «Ja, du fær lye upp te henne Halldis,
når du vil».

Ivar gjekk lett og glad, no var gjenta hans, for
han hadde frelst lensmannen sitt liv. Ivar og Hall-
dis vart gifte og fekk Nerolgarden og budde der
lykkeleg til sin døyand dag. Dei hadde 16 born i lag.

MO-KJEMPONE OG RYGG-KJEMPA

På Rygg i Kvisli har same ætti site på garden
sea umlag 1700. Stamfaren var Kitel Olson, som
flutte hit frå garden Støvern i Sokndalen på Ringe-
rike. Kitel makaskifta gardar med mannen på
Rygg, som flutte til Støvern. I Sokndalen vart Rygg-
mannen kalla Halling-Støvern. Ætti hans bur på
Støvern framleis.

Kitel hadde ein son, heitte Ola, han var tipp-
oldefar til han Olan’n som sit som bonde på Rygg
no. På morsida var han av Villandsætti, som det
tykkjest allstøtt har vilja havt nytt, friskt og
framandt blod inn i ætti. Ola Kitelson Rygg var
ein sterk kjempekar, men hadde eit roleg sinnelag.

På hans tid budde det eit syskinlag ned’på Slet-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0155.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free