- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
154

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

154

alt var kurr stille vidt og breidt ikring. Hauga-
folki var vortne leie den sinnataggen til unge og
hadde hivt han ut i menneskjeverdi eit bel, so han
skulde tegja.

SKRYMTET PÅ ØYGARDEN

Ein gong i 1840-åri skulde tri tenarar frå Tuv i
Hemsedal upp til Rjukanfossen og risple bjørk- og
vierlauv. Dei hadde tenkt seg over elvi trast nedan-
for garden Øygarden, men elvi var stor, straumen
strid og dei var ikkje mykje tess til å ro Ds
dei var komne mest over, tok båten inn so mykje
vatn at dei sokk. Den eine gjenta kava seg i mot
land og fekk tak i eit vierkjerr og redda seg. Men
guten — Ola Flatsjø, som var konfirmert nokon
dagar fyreåt, og ei gjente frå Høgehaug drukna.

Seinare spøkte det fælt her lenge, ved nattars
tider, jamvel folk som ferdast uppe på ålmannve-
gen tykte det var nifst mang ein gong dei høyrde
naudrop der ute på elvi, og hesten tverrstogga
jamt for dei som var køyrande og var ikkje til å
rikke av flekken før køyrekaren steig av og tok
hesten i tyglane og leidde han fram-um skrymtet.
Hestane för då avstad som dei var reint i frå seg.
Mang ei mørk natt — serleg mot uvér — høyrer
ein endå naudrop der nede frå elvi ved Øygarden.

KAPTEIN-SPRANGET. (DUNKERS HOPP)

Kaptein Dunker var på legd-synfaring i Hol. Per
Villand skyssa honom til Høve. Ved plassen Viki
millom Hole og Høve — tett ved Holsfjorden, er det
ein tverrsving på vegen. Både kapteinen og Per
var drukne, men Per var ikkje verre enn han hugsa
på, og sa det ogso med kaptein Dunker, at ein

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0158.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free