- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
156

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

|

156

gard i Leveld. Sonen hans — Daniel, gjekk det ut
med, so han døydde i stor armod på plassen Gyri-
haugen sunnafor Holsfjorden. Her i Gyrihaugen
lever det endå ei gamal enke som ættar frå lens-
mann Haga.

Handøvle — handverje.

MYREGUTEN, RIKHANSRUD’N OG
RØVARANE

Myreguten var frå Djupsjord i Ål og dreiv som
handelskar. Ein gong han gjekk over Veståsen kom
han framum ei hytte som var bygt ut i eit berg-
kløv, og her kom ein mann ut og vilde lokke han
inn, meddi han bydde honom snus. Men Myreguten
som ante uråd skulda på at han hadde fylgjet sitt
trast fyre og måtte ikké på for å nå dei att, dei
var endå i syne. Men då fylgjet hans var kome or
syne, so han var åleine, såg han seg åttende og vart
då vår fleire menn som kom etter han med børsor.
Det var røvarane som heldt til i hytta, som var
etter han, men han kom seg undan.

Ei tid seinare kom kjempekaren Svein Rikhans-
rud frå Torpo vest på åsen her, og då han vart vår
hytta gjekk han inn og lydde seg um etter hus for
natti. Røvarane hadde sett ei samal kjæring til
å stelle for seg og ho la eit sodt ord inn for han,
men han fekk ikkje natteherberge. Svein gjekk so
burt i ei høyløe i nærleiken av hytta og la seg. Frå
denne løa såg Svein at røvarane drap og plyndra
ein mann som vilde ha gått framum hytta.

Neste kveld gjekk Svein atter til hytta og lydde
seg um etter hus, no var kjæringi åleine heime og
ho gav honom lov på husvere natti over. Han stilte
seg bak døri med ei sver klubbe i hendane og venta

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0160.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free