- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
159

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

159

deg, Hermund!» Men Hermund berre kila på, tande
meir enn han gjekk. Og so ropte Svenkerud’n det
same atter. Då hevla han på, Hermund. Han var
no komen fram til grani Svenkerud’n sat i, men
såg ingen ting denne belgmyrke natti. Hermund
fall på kne her, og so sa han: «Æ du ein engel frå
himmelen so segg me kem e ska ta!» «Gift deg
med budeia på Svenkerud, so ska du bli lykkele
alle dine daga», svara ei gravrøyst uppe frå treet.
Og so tok Hermund spranget ned-etter liane til
Svenkerud. Han var trast framme ved fjøset, fumla
seg fram til fjøsdøri og ropte på, og budeia — hans
eige festarmøy — var svint til å koma og lata upp
for han. Ho hadde ligge vaken og fellt mangei tår
ogso denne kvelden, men no vart det glede i sta-
den, og Hermund lova dyrt og heilagt, han skulde
aldri gå frå henne meir.

Og denne lovnaden heldt han. Dei vart gifte og
levde so lykkeleg saman som småkårsfolk kan gjera
det. Dei hadde mat og drikke, skor, klæde, hus og
heim og var aldri usams, so ingen av dei trega på
giftarmålet.

Hevla på — sakke på farten.

NES-PRESTEN SOM IKKJE HADDE
SOKKEBAND

For noko slikt som halvtanna hundra år her
fyreåt var det ein prest i Nesgjeld som hadde gått
på Wittenbergskulen.

No var det slik med alle som hadde gått denne
skulen, at ein ting skulde dei vanta — dei kunde
velja sjølve, men eitt eller anna skulde det vera,
og Nespresten hadde valt å vera utan sokkeband.

Ein mann frå Buøyn i Flå spurde presten ein

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0163.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free