- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
160

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

160

gong, kvifor han ikkje gjekk med sokkeband —
det kunde då ikkje vera for naud og trong skuld.
— «Jo, jeg har været på den Wittenbergske skole
og der måtte jeg love aldrig at bruge hosebånd»,
svara presten. )

Ein gong var det stole noko på Gulsvik just som
presten kom der i embets medfør. Tjuven var ikkje
å finne, men presten kunde so mykje, at tjuven
datt over ende med det same, med tjuvekostene,
og fekk slege av leggebeinet burte i Straumen ved
Gulsvik, so han ikkje kom lenger.

VIK-KJEMPA I ÅDALEN

For nokon mannsaldrar sea stod det eit brud-
laup på ein gard i Ädalen. No var det eit par slåst-
kjempor der i grendi, som drakk so det ikkje var
måte på det, når dei hadde høve til det, og ustyrjute
var dei når dei vart fulle, so det var uhygge å vera
i hus med dei. Av same grunnar var dei ikkje bedne
i brudlaupet. Men dei kom ubedne. Dei hadde fyllt
seg slik heime, før dei tok ut, at dei var frå sam-
ling og sans då dei kom, såg det ut for. Dei gjekk
laus på daudt og levande, vetskremde mest både
kvinnfolk og born og jaga til slutt ut både brur og
brudgom og alle saman. Då dei hadde gjort huset
rødigt og var tvo-eine, drakk dei brennevin og
gjorde hallingkast og bråka slik der i stugun, som
det skulde ha vore den sveraste dansarlyd. — Ein
dei kalla Vik-kjempa — frå Vik i Flå — han gjekk
for å vera den sterkaste mannen i Hallingdalen i
dei tider — slumpå til å koma framum brudlaups-
garden just no. — Det fylgde aldri noko bråk med
Vik-kjempa, han tok alt med tol, som vis er med
sterke karar, det er jamt småkarane som gjerer
mest bråk og ståk. Vik-kjempa hadde ikkje fått

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0164.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free