- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
167

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

167

som var noko hard med hestane — aldri såg nokon
han stige av lasset eller hesteryggen um lasset var
hardleg tungt og bakken aldri so bratt.

Ein gong reid denne mannen til støls og hadde
dessutan ei tung kløv på gampen, og styggbratt var
det, det såg meir ut som hesten klønte og klauv
enn gjekk der upp-etter fjellsida. Skogen stod
lavande tett på båe sidor av kløvvegen. No råka det
so at Eilev kom traskande til møtes og vart vår
denne misshandlingi av hesten. Dette vilde han
lære mannen av med — brennsnøggt skvette han
seg inn i skogsnaret, og med det same hesten kom
der på måte hald var han reiug med tolekniven,
rak handi fram og snerta av brystreimi for kløv-
reii, so kløvsalen, mannen og alt som var rapa att-
over og i ei mølje ned etter den stup bratte bakken.

Då no mannen endeleg hadde greidt å koma seg
laus og fri frå reimar og ty, kjerald og spann og
alt i hop og kom upp-etter brekka og skulde nå
att i hesten, stadmøter han Eilev Udden, som set
upp sitt ålvorlegaste bededagsfjes og spør korleis
dette har gange for seg. Mannen fortalde at bryst-
reimi som heldt kløvreii var sprunge sund og kor-
leig alt hadde bore til. Dette nytta Eilev til tekst
for ei ålvorleg bots- og domedagspreika for man-
nen og mana han til aldri meir å sitja på lass eller
kløvrei upp for bakke. Dette lova mannen, og aldri
såg nokon han sitja på når det bar i mot-bakke
meir.

So var det ein gamal mann folk kalla Poteten.
Han hadde si eigi meining og tru um mange ting.
Han hadde støtt ei mengd usynlege vesen” å dra-
gast med. Dersom det hende honom noko uvanleg,
so var det trast haugafolk eller tuftekallar som var
ute og gjorde han til meins, og då torde han inkje
snu hovudet til leds eller til sides, for då vilde han

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0171.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free