- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
168

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

168

bli gå-ande slik med hovudet all sin dag, trudde
han. Noko slikt vilde han ikkje setja seg ut for, og
såg difor allstøtt rett fram for seg.

Ein gong kom Poteten frå stølen med ein tung,
diger sekk på ryggen. Eilev Udden kom trast etter
og fekk hug til å ertast med Poteten. Han stiltra
seg tett innåt Poteten og nappa tak i sekken hans
og heldt att noko — lite. Poteten, som ikkje torde
sjå attende eller til leds, tok til å lesa bøner og
sleit elles av alle krefter på sekken. Det gjekk både
tungt og seint. Då Poteten hadde lese bøner ei
stund slapp Eilev taket i sekken. So gjekk det lett
att eit bel, men so kjekste Eilev burt i sekken att
og heldt att og so var det same tralten. Slik lét han
det gå ein lang stund, men so totte Eilev synd um
Poteten, smatt inn i skogen og gjekk ein umveg
for å koma framum.

Reiug — ferdig.
Rapa — gli, falle.

NILS HOLTO OG HAUGAFOLKET

For tvo mannsaldrar sea sat Nils Holto i Ålsgjeld

ein sumarkveld i stølsbui si i Fødalen. Borni var -

ogso inne i bui, men kona var ute eit erend. Best
som Nils sat der i sine eigne tankar vart det kasta
mold på alle borni og upp i ei mjølkebytte, so ho
vart full av jord og borni vart ille tilreidde.

Då kona kom inn att, kunde ho fortelja, at det
hadde hendt fleire gongor at det vart hivt jord inn
i stølsbui her, av usynlege makter. (Nils var nyleg
komen på stølen).

Lenger fram på kvelden, då Holte-folket hadde
lagt seg, vart det ogso kasta mold inn i stølsbui og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0172.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free