- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
169

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

169

upp i mjølkebyttone. Holtén reis no på olbogane og
banna stygt på haugafolki — for han skyna det
var haugafolk som hadde vore ute. Med det same
fekk han ei hevle mold beint i bringa, og so lo
nokon so godt utan for buaveggen. Sea har hauga-
folket ikkje øvt slike spik i Fødalen.

BRUDEFERDI PÅ ISEN

Ein ung gut frå Mattismoen var trulova med
budeia på Rud. Millom Nes og Rud er Hallingdals-
elvi so brei som ein innsjø. Det var ein sein laur-
dagskveld um vinteren guten hadde tenkt seg over
til Rud, til gjenta si. Isen var sterk og speglande
blank i det klåre måneskinet. Rett som han gjekk
der i sine eigne tankar fekk han høyre tramp som
av mange hovslag, og trast etter kom det køyran-
de framum han ei stor, lang brudeferd. Det var
fleire hundra hestar og mange brudlaupsgjestar i
kvar slede. Brudfolki køyrde føre og måneskinet
glitra i kruna til bruri. Han stod der dørgende still
og såg på til ferdi var komen heilt framum han
og kvarv. Det gjekk i fullt trav og var mykje ståk
og skrål. Han snudde og gjekk heim att denne
kvelden.

Det var eit haugebondbrudlaup han hadde set.
Dette med denne brudeferdi var nok ikkje noko
låkt varsel, som guten agga for. Han vart gift med
gjenta og dei levde lukkeleg saman alle sine dagar.

ÅDNE EIKLI

Ädne Eikli i Gol køyrde ved frå langstølen um
vinteren. No er det so langt frå stølen til Eikli at
turen kan ikkje gjerast på dagen. Nede i lien hadde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0173.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free