- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
170

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

170

han ei hytte og ein stall og her var Ådne over um
natti. Då han hadde kveldsnugga seg, sette han
seg til å spela på munnhorpe uppe på hjallen. Best
som han sat slik og spela dunka det hardt i veggen,
og inn kom ei nauende ven, ung gjente. Ho vart
stå-ande midt på golvet og Ådne fekk ikkje augo
frå henne — han vart klumsa av denne vakre skap-
ningen — desse fyllige kvinneformene, dei vene
blå, drøymande augo den fine dåmen og eit hold
So kvitt som mjølk og raudt som blod. Endeleg fekk
han sagt: «Jesu namn». Då kvorv gjenta. Ådne
gjekk ut etter — gjorde seg erend etter eit fangand
ved, men gjenta såg han ikkje meir til. Han kveikte
upp på peisen og la på eit dugeleg eldsmæle so det
spraka og lyste upp i kvar ei krå. Han sat uppe og
spela på munnharpa halve natti og venta, men
gjenta kom ikkje att.

SYLV I RIDALEN

Helge Grasstauren var husmann under Sando i
Älsgjeld, og han hadde grasing i Ridalen — ein
sidedal beint over frå Torpo. Ein dag i slåtten fekk
kan sjå det gleim og blenkte burte i berget der,
tett attmed han. Han tok ei øks og hogg laust ein
klump og tok med seg til Sjugurd Skjervheim, som
var sylvsmed og budde i ein plass under Sørbøen.
Det var reint sylv, og Sjugurd smidde det ut til
mange gilde ting. Helge og Sjugurd og ein sonen
hans Sjugurd Skjervheim gjorde no denne avtala,
at Helge skulde skaffe sylv, dei smia det, og so
skulde dei dele fortenesta i tri partar, millom seg.
Ein gong fann Helge ein klump som vog 9 merkar.
Vinteren etter dette fundet døydde Helge og trast
etter ogso Sjugurd. Ola Skjervheim, sonen hans,
för til Amerika, der han er død. Det var i 1820—30

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0174.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free