- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
173

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

178

koparkjel som skal vera nedgraven her, full av
pengar, kom det tvo spader jord ned i gravi att for
kvar ein han hyvde upp, og då han kom til å stire
upp mot Tufto kom det ein skremeleg stor, olm
ukse setjande ned-etter mot han. Då fann Torkjel
ut at det var på høg tid å slutte, og sjå til å koma
seg burt frå denne staden. Og sea har ingen våga
seg til å grava i kjempehaugane på Fekjo.

JENS MESSINGSMED OG
KRISTEN RUGBRATASKJERAR
I Krødsherad levde det ein gong i gamle dagar

tvo kåte og spretne karar, som allstøtt kappast
um kven av dei som skulde vera hævast og gjævast

i arbeid og fest. — Det var Jens Messingsmed og
Kristen Rugbråtaskjerar — båe innflytjarar frå
Numedal.

Ein gong skar dei rug um kapp i Norelii, dei
skar då so ein høyrde braket av skjeringi heilt til
Sigdal. Luva datt av Kristen under arbeidet, og so
jamnfort skar karane, at dersom han hadde hefta
seg med å teke upp att luva, hadde han tapt.

I deira tid var det so usturteleg mykje sik i
Krøderfjorden. Ein gong gjekk sik-stimen so stinn
i Noresundet at Jens Messingsmed gjekk turrskodd
over sundet på fiskenakkane. Siken stod so tett at
det var plent som ei bru.

Kristen Rugbråtaskjerar slo fort. Han greidde
å fylgja med ljåen ein mann som gjekk i fort gang.
Fagernes ligg millom Ulberg og Noresund — det
er ein storgard no. Denne eigedomen slo Kristen
på ein dag. Då han hadde køyrt inn det han hadde
slege denne dagen, fekk han 16 lass høy og 17 lass
tubbur, som han og hadde slege i same slenget.

Ein gong rodde han over Krøderen frå Ulberg

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0177.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free