- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
174

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

En

RS —————— no mj jeg Te =r=962

174

til Bjøre, men var so vanheppen at han rodde båten
tvert av. Dette kunde nok blitt leidt nok for andre,
men Kristen rodde so fort, at det kom ikkje ein
drope vatn i den halvdelen av båten der han sat.

Ein gong för Jens og Kristen i lag over fjellet
frå Føgedal. — Båe gjekk i hudskor — på slike
skor er kje helar — dei kallast ogso for næpeskor
eller tesur. Då karane sette til på ski ned etter
Norefjell rykte dei i farten upp alle trei som fanst
i lii — ei brei gate, og her er det snaue fjellet den
dag i dag.

MARTE PLASSEN

Marte budde saman med ein tusling til mann på
Plassen — eit bruk under Holde i Hemsedal, på
sørsida. av Heimsil. Fatig var ho som nåli, men
gladverug lell og kunde skjemte um det var aldri
so ille. — Ein gong ho hadde vore til arbeids på
Holde, hadde ho fått ein primost i arbeidsløn. For
moro skuld la ho osten i eit sveg og slengde han
på ryggen. Men då ho skulde over brui der ved
Holde, datt osten or sveget og bus på åi. Då lo
Marte, og so sa ho: «No blanda e åt heile Sørbyg-
den» (skaffar heile Sørbygdi i Hemsedal prim-
blande) — ein vanleg drykk um sumaren i Halling-
dal, då det var klent med vegar på stølane og ingen
hadde kyr heime på gardane.

Ein haustdag stod Marte i åkeren på Holde og
skar bygg — høgst fremmeleg. Rett som det var
retta ho seg upp, og so sa ho: «E må nok springe
heim att so snøggast å eige ein ung;ji, kjenne e».
Næste morgonen var ho i skurdåkeren att og den
nykomne vesle hemsedølen var att hjå dei mange
syskini sine i Plassen.

Er

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0178.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free